fbpx

Det vi mista til djupet

2023

SJU HISTORIER FRÅ KVIKKLEIRESKREDET, OG ALT SOM SKJEDDE ETTERPÅ.

Den 30. desember 2020, klokka fire om natta, forsvann eit nabolag på Ask i Gjerdrum ned i eit enormt krater. Elleve menneske døydde, blant dei eit ufødd barn. Kring 200 blei heimlause.

I denne boka blir du kjent med heilt vanlege Gjerdrumsfolk. Dei er ein sokneprest, ein skulelærar og ein trafikkdirigent. Dei er ei spent brud, ein nybakt pappa, ei som har hukommelsestap og ei som var bestemor.

Nokre kjempa seg ut av leira. Andre mista det umistelege. Alle har dei funne fram til ein sti, midt i det djupaste mørke.

ISBN 978-82-93926-73-3

Anbefalt for deg